Fruktdott

små dottar 

x 

store smakar

Kjem snart!

Kva er fruktdott?

Ein fruktdott må smakast. Den er luftig, mjuk og spenstig, med norsk frukt og laga i Hardanger. Det gjer både smak og særpreg.

Ei ny godterioppleving med røter mellom fjord, fjell og frukthagar.

God, norsk frukt fortener meir! 

Ikkje all frukt hamnar i fruktdisken. Det kan vera dei er for små, har ujamn fasong eller små skjønnheitsfeil.  Men dei har framleis mykje god smak.

Slik frukt kan pressast til saft, som deretter blir konsentrert ved å fjerna ein del av vatnet. Det gir eit fruktkonsentrat med mykje smak, som me brukar i Fruktdott.

Slik får Norsk frukt eit nytt liv som mjukt, luftig fruktgodteri. Utan store mengder tilsatt sukker og konserveringsmidlar. 

I dottane brukar me konsentrat frå eple, pære, plomme, kirsebær, morell og solbær. 

Skal me ta ein prat?

Har du spørsmål om Fruktdott, eller driv du butikk, kafé eller hotell og er nysgjerrig på produktet?

Eg høyrer gjerne frå deg!

Kontakt meg, Maria på: dott@fruktdott.no